I Sykkylven sentrum like ved kommunehuset
Vi er ei kristen forsamling for heile kommunen og har bakgrunn frå bedehus- og misjonsmiljøet i Sykkylven.
Vi har vårt faste tilhald i Sykkylven Bedehus der vi har samling annankvar søndag.
Du er velkommen! Finn halvårs-kalenderen Her: PDF Kalender
Sist søndag, den 28. september, hadde vi besøk av tidlegare Etiopia-misjonær Per Helge Myren. Etter ei fall-ulukke for ei tid tilbake, vart han lam i begge føtene. Men det hindrar han ikkje i å reise rundt med evangeliet. Frå rullestolen sin talte han denne møtehelga over temaet «Levande tru». Og han viste gjennom dei bibelske personane Asaf, Hanna og Peter, at det går an for vanlege folk å leve i tru på Herren.
Søndag 14.september hadde vi besøk av Arvid Ødegård frå Emblem Bedehus. Han hadde ein varm og sterk tale om Guds nåde, som er grunnlaget for alt kristenliv.
Jorun Rausand delte 4 av sine eigne songar frå flygelet. Ikkje mindre enn godt og vakkert!