Godt forsamlingsmøte i Hundeidvik

Vel 30 fann vegen til Hundeidvik bedehus den regnfulle siste søndagen i oktober. Gunnhild Sandvik Enstad leia samlinga, Johan Aurdal leia forbøna og Oddbjørn Brunstad nattverden.

Stine Regina Tusvik

Stine Regina Tusvik delte fire ulike a capella songar med si reine og vakre stemme.

Ei hovedsak var likevel talen til student og misjonsleiar Eyvind Volle. Ungdomen som ivrig studerer både gresk, latin, hebraisk og arameisk attåt jobben som leiar for den Indre Sjømannsmisjon i Rogaland, hadde ein tankevekkande tale frå 4.Mosebok. Mannaen som kvar natt fall som dogg rundt Israels-leiren var fullgod kost og tilstrekkeleg for kvar einaste. Likevel fann dei ut at dei ville ha noko anna. Gje oss kjøt å ete! Guds bønesvar kunne tolkast som ei velsigning. Men først og fremst var det ei sterk påminning om at vi aldri vil få det skikkeleg godt på våre eigne vegar. Guds mat for oss, er hans eige ord og livssamfunnet med Jesus!Volle