Besøk frå Valderøya

Anbjørn Walderhaug formidla evangeliet gjennom fin song og bibel-vitnemål.

 

Under forsamlingsmøtet søndag 23.november fekk vi presentert Guds ord på ein varm og truverdig måte.  Anbjørn Walderhaug gjekk eit streif gjennom sentrale bibelavsnitt knytta til temaet «levande tru». Ikkje minst fekk han synt fram at vår berging ligg i å feste augene på Jesus: Akkurat som rådsherren Nikodemus fekk det presentert: «Slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, skal Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han skal ha evig liv». Walderhaug understreka det heile med fire songar som han framførte frå flygelet. Det heile vart ei både varm og vakker oppleving.