Bedehusforsamlinga starta det nye året med bønevandring.
Det kjennest så godt og rett å legge framtida i Guds hender. Søndag 11.januar var ein god flokk samla for å be om Guds velsigning over det nye året. Vi har så mykje å takke for, og likevel så uendeleg mykje å be om. «Legg alle ting framfor Gud i bøn med takkseiing». Ikkje noko er for lite, og ingen ting for stort for han som har omsorg for alle, og maktar meir enn alt.