Eit høgdepunkt og ein god tradisjon: Slik som dei 3 førre åra, vil alle kyrkjelydar og forsamlingar i Sykkylven gå saman om ei fellesgudsteneste. Kva er vel meir naturleg enn å gjere det på 1.pinsedag? -Dagen då den kristne kyrkja i verda vart fødd, og Den Heilage Ande vart utrend over alle som trudde. I år blir både den katolske og den koptiske kyrkja med, saman med Vineyard, Bedehusforsamlinga og den Norske Kyrkja. Bli med du også, og bidra til feiringa av fellesskapen, Guds kraft og Ande.