Forsamlingsmøte 20.september

Kom inn i lyset! Gud inviterer deg inn i sin grenselause kjærleik. Slik lydde appellen både i tale og vakker korsong sist søndagskveld. SANCTUS frå Spjelkavik og Per Arne Sve frå Stranda peika i lag på Guds nåde i Jesus. Vi koplar oss på samfunn med Gud i same stunda som vi kjem fram i lyset med våre feil og nederlag. Jesus fjernar og tek bort all synd. Då kjem vi også nærare kvarandre og får eit levande og godt fellesskap. Ei rik stund i bedehuset, der også fleire nye hadde funne vegen.