Forsamlingsmøte 4.oktober

Det vart eit varmt og givande forsamlingsmøte sist søndag der fleire nytta høvet til å dele vitnemål. Ikkje minst fekk vi ein tankevekkande tale av Kjell Furnes. Med utgangspunkt hos profeten Jeremia kapittel 6, 16-17 vart vi utfordra til å kjenne lyden av Guds basunar. Frå Mosebøkene lærer vi at eitt signal var til for å kalle folket til ro og samling. Ein heilt anna basunlyd signaliserte alarm og tid for oppbrot.  Basunen må ha klar lyd, elles kan vi ikkje forstå korleis vi må handle. Vi treng å lære på nytt at Bibelen er Guds ord og vilje med oss. Basunen til oppbrot skal vi få høyre når Herren kjem i skya for å hente alle truande heim. Inntil då treng vi å vere vakne.