Gjennom heile fire bibelsamlingar helga 16.-18 oktober fekk Runar Landro delt ei storslått utsikt oppover og utover. Du kan aldri bli noko større enn eit Guds barn. Det var han som søkte oss: Større lukke kan ikkje tenkast. På laurdag vende perspektivet seg både innover, mot våre næraste relasjonar og forsamlinga. Deretter vidare utover: Ingen av oss lever for oss sjølve, vi er skapte til samfunn: Med Gud og med vår neste. Søndag ettermiddag fekk vi utdjupa at veksten må ikkje stagnere. Abraham vågde i samtalen å stige Gud endå nærare. Sameleis utfordra Paulus dei truande til å gjere endå større framsteg i tru og gode gjerningar. Samklang mellom liv og lære, det er himmelsong på jord!
Vi kjenner at vi har fått smake noko som gir mot og frimod, og vi har fått gode råd på vegen. Vi trur at Sykkylven Bedehusforsamling skal få lov å sjå framover. Vi vil at forsamlinga skal leggast til rette for vekst og vidare velsigning,