Kva skal vi bli? Like spennande og like ukjent som med eit nyfødd barn i familien: Slik er det med Guds barn. «Det er endå ikkje openberra kva vi skal bli». Men eitt er sikkert; «vi skal bli han like, for vi skal sjå han som han er». Dette og mykje anna godt hadde krinsleiar Johan Halsne med seg til Sykkylven denne søndagskvelden. Saman med tenåringsgutane HAVLYS frå Vigra og Valderøya fekk dei formidla ein god bodskap. Det var også ekstra mange som hadde funne vegen denne første søndagen i advent