Songevangelistane Hilde Gjengedal og Gudrun Longva gjesta bedehusforsamlinga for første gong denne 3.søndag i advent. På ein dag med fleire flotte julekonsertar fekk damene frå Brattvåg gitt det rikaste og største i julebodskapen. Dei om lag 20 som kom til bedehuset denne formiddagen fekk lytte til song og musikk av god kvalitet. Men ikkje minst gav Hilde sin tale om Jesus eit sterkt inntrykk. Vegen til krubba i Betlehem gjekk vidare til korset på Golgata og til den tomme grava påskemorgon. Det er alltid stort når ein får sjå meir av dei store samanhengane i Bibelen: Sanneleg er Jesus ein stor frelsar!