Sterkt møte med Åpne Dører

Olaug Bjørke gav oss eit sterkt personleg vitnemål sist søndag.  Om lag 40 (rekord på ei stund!) hadde også møtt fram for å få med seg nytt frå Åpne Dører.

Olaug, opphavleg frå Gjerdsvika, etablert på Ellingsøya som lærar og no regionansvarleg for Åpne Dører Sunnmøre synte filmsnuttar, song og fortalde engasjert og gripande.  Nord-Korea og Irak er i dag dei høgast ranka landa når det gjeld forfølgjing av personleg kristne. Likevel er det folk som bevarer trua på Guds ord og Jesus i desse landa også.

Olaug Song

 

 

Olaug Bjørke gav fire vakre songar med evangelisk innhald

 

 

 

Olaug oppfordrar til bønn