Du er frå sans og samling, Paulus!
Nei, eg er ikkje frå forstanden. Alt er sant og vel gjennomtenkt. Eg kan ikkje tru noko av dette er ukjent for deg, konge, det har då ikkje gått føre seg i ein avkrok! Slik forsvarte Paulus trua på Jesu oppstode framfor Festus og Kong Agrippa. Oskar Nordbø henta mykje av talen sin første påskedag frå Apostelgjerningane kapittel 26. Trua på Jesus er både ei personleg og ei offentleg sak. Dei nære vitna som kunne fortelje om konkrete møte med ein oppstaden Kristus gjev også oss i dag frimod til å tru.