Vellukka i Straumgjerde bedehus

Forsamlingsmøtet søndag 24.april samla eit nesten fullsett Straumgjerde bedehus. For bedehusforsamlinga var det ekstra kjekt å møte så mange frå Straumgjerde. Vi håper og trur at det var gjensidig. Øygunn og Per Svein Tandstad gledde oss med fire klassiske perler på tverrfløyte og piano, og prediktant Steinar Dimmen delte Guds ord med oss. Han talte ut frå Johannesevangeliet om den nære fellesskapen mellom Faderen og Sonen. Dette er vi kalla til å dele med resten av verda, og vi må fornye oss for å lukkast bedre i dette.

20160424_190659