Søndag 11.september hadde Per Sævik og kona Liv teke ut heilt frå Remøya. Dei nesten 50 frammøtte fekk eit klart inntrykk av at skipsreiaren hadde andre mål for livet enn skattar på jorda. Sævik tok utgangspunkt i Johannes Openberring kap. 1 og versa 17-18: «Ver ikkje redd! Eg er den første og den siste og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nøklane til døden og dødsriket». Eit råd frå 18-års-alderen og den aller første langturen med bil: Fest blikket langt fram, så køyrer du stødig. Du må ikkje vere nærsynt! «For endå er det berre så kort ei stund, så kjem han som kome skal og han skal ikkje dryge». (Hebr. 10,27)
Stine Regina Tusvik fekk varm klapp for dei fire songane ho delte. Rein og ærleg song utan instrument skaper gode lyttarforhold. «Åpne mitt hjerte for deg Gud, for vi vil se deg» Såleis fekk ho tydeleg understreka sesongen sitt motto: Skattar i himmelen!
Vi har meir i vente!