Forsamlingsmøtet søndag 13.november vart eit nytt høgdepunkt og ein god inspirasjon. Ikkje mange bedehus er forunt å «eige» eit slikt kor som ELKANA og attpåtil dugande talarkrefter. Men slik er det altså med Godøy bedehus. Rektor ved Borgund Folkehøgskole, Sven Sæther, er fast dirigent. Men då pianisten denne søndagen måtte melde forfall, tok Sven like godt plassen på flygelkrakken. Det var ein fryd å vere tilhøyrar, og det dyktige «unge» vaksne-koret gav oss 6-7 songar i gospel- hillsong, og meir tradisjonell bedehus-stil. Framom alt var det evangelisk innhald i songane.
«Å min kjære Jesus, aldri fatter jeg, at du kunne lide korsets død for meg. Takk at lyset skinner alltid klart derfra, takk for hver som finner deg på Golgata», lydde eine refrenget.
Tidlegare krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon, Karl Arne Austnes, som saman med kona Linda og fleire sysken også syng i koret, hadde kveldens tale. Teksten var Bibelen sine første 5 vers, om det aller første Gud skapte: Lyset. Bibelen vitnar om at det er Guds ord som er lyset på vår livsveg. Og då Gud kom til denne verda gjennom Frelsaren Jesus Kristus, var det som lyset han kom. Noko vi på ein særleg måte fekk lære denne november-søndagen, er at mørket aldri har makt til å overvinne lyset. Straks ein tenner eit lys, om det er aldri så lite, så blir noko av mørkret fortrengt. -Flott å få dette så enkelt og tydeleg demonstrert, midt i talen! Takk til Godøy bedehus for velsigninga de gav oss!