Søndag 27.november var det storsamling i Hundeidvik bedehus, der om lag 30 hadde funne vegen. Songevangelisten Marit Stokken hadde denne kvelden avslutningsmøte i den evangeliske veka som tok til på onsdag. Som bedehusforsamling var det flott å få vere gjest og med-arrangør. Marit Stokken har reist rundt i landet med bibel og gitar i over 40 år, og ho delte meir frå søndagens advent-tekst om Kongen som reid inn i Jerusalem på palmesøndag. Og om eselet som han lånte. Eit bilete av den tornekrona Frelsaren gjorde inntrykk. I etterkant var eit rikhaldig koldtbord sett fram og samtalane gjekk livleg rundt borda.