Forsamlingsmøte med Jarle Berland

HØG VERDI PÅ HIMMELENS BØRS.

Søndag 22.januar hadde forsamlinga besøk av Jarle Berland. I talen sin tok han fatt i «SKATTAR I HIMMELEN» og det overveldande 1.kapittelet i Efesarbrevet. Guds verdsetjing er heilt annleis enn vår. Og like før Efesarbrevet vart skrive, må Paulus ha fått eit veldig syn inn i dei himmelske verdiane. Gjennom heile 10 vers fins det i grunnteksten verken komma eller punktum, men ei samanhengande oppramsing av dyrebare skattar som frelste syndarar har i Kristus. Om ein kristen til fulle hadde sett kor rik han er, ville han omkome av glede. Om ein ikkje-truande hadde sett det, ville han døydd av misunning.  –Så lat oss få sjå så mykje som vi tåler, så vi kan dele rikdomen med andre!  Himmelens børs vil aldri gå konkurs, avslutta Berland.

Forsamlingsmøtet vart avslutta med ei fin nattverdstund og god samtale ved kaffibordet.