Dei vel 30 frammøtte fekk eit nytt og sterkt møte med Olaug Bjørke og Åpne Dører. Ho delte tre fine songar, mellom anna Arnold Børud sin «Jesus er stor, han har beseiret det onde». Lytt til songen her: https://vimeo.com/202804703
Olaug introduserte oss for Broder Andreas, som starta Åpne Dører, den gong under namnet «Misjon bak jernteppet» Her fortel ho om utfordringa han fekk frå ein pastor i Romania:
Ho tok oss vidare med til dei landa i verda som utøver den sterkaste forfølginga av kristne, og landa der det har forverra seg siste året. I siste kategorien vart India teke fram, og elles finn vi som alltid Nord-Korea som det landet det er aller mest forferdeleg å leve som kristen. Olaug synte fleire kortfilmar, mellom anna vitnemålet til 18 år gamle Kiong Doo-Thon frå Nord-Korea. Foreldra hennar er borte. Faren vart mest truleg offentleg avretta etter at han reiste tilbake til Nord-Korea for å vitne om Jesus. Likevel er det Kiong sin største trong å nå folket sitt med evangeliet. Du kan høyre det gripande vitnemålet ho bar fram under Laursanne-konferansen her:
Til slutt song Olaug «Min hyrde Herren Jesus er» som eit lite ekko tilbake til ein annan ung Nord-Koreanar sitt vitnemål.
«Alle kan be, mange kan gi, noen kan gå»