Stort forsamlingsmøte i Ramstaddal

Ramstaddal bedehus var nesten fullsett då 38 frammøtte hadde benka seg søndag 14.mai.

Kjell Furnes hadde ein tale som var både oppbyggjeleg og lærerik. Den dagen Jesus tok alle verda sine synder inn under Guds dom, vart dei løfta vekk frå våre skuldrar. Den som trur evangeliet og kjem til Jesus, vil ikkje kome for Guds dom «men har gått over frå døden til livet».  Samtidig står det fast at vi skal alle fram for Kristi domstol.  Der skal vi få att for gjerningane våre, anten dei er av god eller dårleg kvalitet.   Difor er ikkje livet vi lever likegyldig. Mange som gjorde den gode gjerning i det stille, skal bli rikeleg løna.  Andre skal misse løn.  Det vil bli utdelt store skattar i himmelen.

Runa Welle delte to fine songar: Tenn meg Jesus, og Du klager så ofte: Ein flott tekst til frelsesvisshet.

Etter ei fin nattverdstund var det fleire som ville dele ord og vitnemål, og praten rundt kaffiborda gjekk livleg.  Takk til vertskapet i Ramstaddal bedehus!