Søndag 18.juni var Radio Nordvest i sentrum, mellom anna med besøk av ny styreleiar Martin Valen. Områdearbeidar i NLM Nordvest, Steinar Dimmen talte ut frå gjeldande tema: Skattar i himmelen. ALT som finst i himmelen, er skattar! Der er overflod av alt godt, men dei vi har kjær her på jord, må også vere der. Familie, vener, kolleger og naboar: Heldigvis er evangeliet slik at alle er kalla og ønska, Men vi må fortelje og invitere! Det gjeld å nytte 4/14-vindauget, som Steinar Dimmen kalte det: Alderen mellom 4 og 14 år. Av dei som i løpet av livet blir kristne, er det minst 70% av dei som kjem til trua i denne alderen.
Etter talen og to fine songar av Runa Welle, hadde Martin Valen ordet. Etter at FM-nettet har slokna, er det endå fleire som lyttar til lokalradioane. Likevel er det truleg web-radio som er framtida. Så må vi hugse at den kristne nærradioen er ein forlenga del av forsamlingsarbeidet. Mange fleire enn vi trur er mellom lyttarane!