Ekteparet Solgunn og Peder Almedal frå Ulsteinvik bidrog til ein god sesongstart i Sykkylven Bedehus.
CREDO innleia samlingsfesten med sedvanleg kvalitet og presisjon. Og ikkje berre det: Dagen før Stortingsvalet vart melodien «Velg Jesus» framheva. «Velg ham for livet, en bedre venn kan du aldri få». Gunnhild Sandvik Enstad leia festen med humor og varme, og mannen Bjarne Enstad hadde eit innlegg med takk for at helsa vender tilbake, og for omsorg og forbøn. Kjekt var det å lytte til song og vitemål til gitar og trekkspel. Fru Solgunn Røyset Almedal hadde også mykje å gje innimellom songane.
Peder Almedal (56) er attåt ingeniør-jobben leiar for Kristen Muslimmisjon i Møre og Romsdal. I vinterhalvåret går dei fleste helgane og mange kveldar elles med til møteverksemd rundt om i fylket. Han og kona utgjer eit verkeleg godt team!
I talen sin delte Peder frå Lukas 5 om Peter sin fiskefangst. Misjon dreiar seg om fiske: Vi skulle vere menneskefiskarar og ivrige etter å dra ut i allslags ver i hjelpe- og bergingsarbeid. Må berre ikkje bergingsstasjonen ende som ein koseklubb…