Forsamlingsmøte med Ingbjørn og Stine

Søndag 8.oktober var det besøk frå sør og vest.  «Rogalending frå Brattvåg» kan passe på Ingbjørn Vingen. Han fekk minnt oss på kva som er grunnlaget for sunn og sann vekst: Nemleg Guds kraft og Guds visdom uttrykt gjennom «ordet om Jesu Kristi kors». Paulus unnlot bevisst å nytte seg av talekunst og menneskeleg visdom.  Vi må heller ikkje falle for freistinga til å bytte ut Guds evangelium med noko som menneskeleg tala passar betre inn i tida. «Ordet om krossen er Guds kraft til frelse».

Så var vi også heldige som fekk låne Stine Regina Tusvik i det ho var heime på haustferie.  Ho går no på Kongshaug Musikkgymnas i Os ved Bergen.  Det var både vakkert og godt å lytte til rein og akustisk song med ein djup og tydeleg kristen bodskap.  Stine delte mellom anna «Jeg råde vil alle» og «The old rugged cross».  Takk til familien Tusvik og velkomne att ved neste høve!