Bibel- og misjonshelg i oktober

Sist helg var det bibel- og misjonsfokus med Etiopiafest, bibeltimar og forsamlingsmøte

Lars Kjetil Emblem delte Guds ord på alle møta.

På laurdag var det to lærerike bibeltimar om Luthers lille katekisme. Tilhøyrarane fekk ei svært oppbyggeleg innføring i Luthers forklaring til boda og dei tre trusartiklane.  Det slåande var kor trøysterikt og oppmundtrande Luther la ut «dei gamle boda». Det er så lett å oppfatte slikt som tørt og tungt. Men Gud gav oss sine ord og bod fordi han elskar oss og vil oss vel. Hermed er oppfordringa gitt om å finne fram att Luthers lille katekisme og hente ut gode skattar for livet!

Søndag klokka 18 var det forsamlingsmøte som Sigmund Valbø leia.  No som Oda Natalie kan ta dataen, har vi fleire utvegar for å dele på oppgåvene! Lars Kjetil Emblem er også dyktig med gitar og song. Han delte to songar med oss, og talte ut frå hovudtemaet «Men Gud gir vekst».  I talen ut frå Filipparbrevet kapittel 2 fokuserte han på den åndelege veksten i forsamlinga, og hos den enkelte.  «Lat dette sinnelaget vere i dykk som også var i Kristus….!»  Du verda kor godt det ville bli mellom oss om Kristi tenande sinnelag fylte alle!  I så fall ville ingen ting vere meir sjølvsagt enn at også Guds rike ville vekse, målt i talet på folk som vil høyre Guds ord og følgje Jesus!

Takk igjen til Lars Kjetil Emblem for godt førebudd og fint framlagd bodskap!