Forsamlingsmøte Allehelgens-søndag

Søndag 5.november hadde bedehusforsamlinga besøk av Jarle Berland.  I talen sin la han vekt på kor verdifullt og viktig det er å ha nokon som ber for seg. Samtidig peika han på feiringa av Allehelgens-søndag. Sjølv har eg siste året mista tre av mine aller næraste, sa han. Det skaper sakn og sår i hjartet. Men du kor godt når eg likevel kan vite: Dei er heime no! Ei anna hovedsak i talen var Guds ord.  I Moses sin avskilstale innprenta han israelsfolket at dette er ikkje tomme ord, men sjølve Livet. Og i kapittel 19 i Johannes Openberring står det at Kristus, Guds Son sitt namn er «Guds Ord».  Og dette er krafta til frelse!

Møteleiar Reidun Eidem innleia med fokus på Martin Luther, Allehelgens-søndag og «Vekst»-opplegget som vi har starta på.  Ho forklarte nærare om det på slutten av møtet

 

 

 

 

Anne Lise og Runa gledde forsamlinga med fire evangeliske songar. «Jeg bringes til ro, ved enkelt å tro, at du døde på korset for meg»