Forsamlingsmøtet 19.november

JESUS OG DEI SMÅ, var Steinar Dimmen sitt tema denne søndagskvelden.

Her kan du lese den tankevekkande teksten, fram til vers 14.

– Utan at de vender om og blir som barn kjem de ikkje inn i himmelriket.  Det store spørsmålet «korleis kan vi eige himmelriket» må vi først adressere til oss sjølve:  –Ta imot det Jesus har gjort for oss!  Og ta imot i tillit, slik eit lite barn tek imot det gode som blir gitt til det.

– Vi må verte flinke til å formidle dette vidare til barna som veks opp. Og til dei vi møter i vår kvardag!

Etter nattverdstunda var det mange som delte vitnemål om å dele trua på ein ekte og truverdig måte.