Heile 50 trassa sluddbygene og fekk ei givande stund i Velledalen bedehus 3.desember
Folk frå alle kantar av bygda fylte det 80 år gamle bedehuset i Velledalen første søndagen i advent. Ekteparet Aud og Johan Halsne stod for mykje av innhaldet, med duettsong, tale og informasjon om Plussreiser.
Talen til Johan var henta frå søndagens tekst med overskrifta «Eit nådens år frå Herren». Hendinga skjedde i Jesus sin heimby Nasaret i Galilea, der han i synagoga las frå bokrullen, frå profeten Jesaja. Tenk at dette nådeåret, ja «jubelåret» med tilgjeving og ny start gjeld endå i dag!