Bønevandring 7.januar

Når mange bed, vil takka for den nådige hjelp vi får, stiga opp frå mange munnar.    Slik les vi i 2.Korintarbrev 1,11.

Etter song, leia av Roar Fremstad, Anita Woldsund og Knut Kjersheim, andakt av Anne Jorunn Dalseth Moe, vart det ei god stund med bønevandring. Langs veggane i salen var det laga postar der plakatar utfordra til konkret bøn for mange bøneemne. Ved sofakroken i hjørnet var det plass til personleg forbøn.

Som om ikkje det var nok, var det rett mange som kjende trongen til å dele personlege vitnemål på slutten.

Dette lovar bra!