Søndag 21.januar var Åpne Dører på besøk. Det er 3.vinteren på rad at områdeleiar Olaug Lillian Bjørke representerer Åpne Dører her i Sykkylven. Det gjer alltid eit sterkt inntrykk å høyre vitnemål frå kristne i Asia og Afrika som frimodig står fram med trua på Jesus trass i stor fare for eige og familiar sine liv. Særleg tankevekkande var det å høyre at evangeliet aldri har gått slik fram i NordKorea som no. I dette «versting-landet» på World-Watch-List er det jo totalforbod mot alle former for religiøs aktivitet, og berre mistanke blir handheva nådelaust. Ein pastor i Egypt tenkjer at det er faktisk kristne i «den frie verda» som er bundne av lenkjer; Bundne av frykt og bekymring og trelldom under materialismen. I Egypt ber dei ikkje om eit komfortabelt og trygt liv, men om kraft til å reflektere Jesu kjærleik til folket sitt!
Tidleg i februar reiser Olaug på besøk til desse kristne i Egypt. Vi takkar for besøket i song og tale, og ønskjer ei utbytterik og velsigna reise!