I Steinar Dimmen sin tale fekk vi lytte til spennande perspektiv på dette å samle skattar: Gud unner oss å ete fruktene av ærleg og hardt arbeid. Det vi les m.a. i Kolossarbrevet kapittel 3, står ikkje i motsetnad til å eige og forvalte verdiar her på jorda. JA; vi som har møtt Jesus skal søkje det som er der oppe, og det vi har fått mellom hendene skal vi forvalte til velsigning for samfunnet og vår neste.
Til slutt i møtet hadde Reidun Kjerstad Eidem ei orientering til forsamlinga om status i VEKST-programmet. Vi står no midt oppe i arbeidet med å utforme bedehusforsamlinga sin visjon. Her er det viktig at alle får kome fram med sine draumar og tankar, og at orda vi vel både kan vise ei klar retning og gje inspirasjon og begeistring. Bla gjerne gjennom desse bilda som vart vist på skjermen!