Seminarhelg med Helge Standal

Laurdag 17. og søndag 18.februar opplevde forsamlinga ei svært vellukka seminarhelg. Laurdag ettermiddag underviste Helge Standal om den edle kunsten å bygge fellesskap. Ivar Vestre og Svein Støylen delte også to fine songar som passa godt inn. Standal påpeika frå starten av at det er klokt å vere realistisk og tenkje over at det er eit krevjande arbeid. Også kristne fellesskap består av syndarar, sjølv om syndene for Guds ansikt er tilgjevne og utsletta. Den gode vegen er å be for kvarandre og gjere opp når noko har gått gale. Skal forsamlinga vekse, er det avgjerande at vi syner i gjerning at vi er glade i kvarandre og verkeleg bryr oss om andre.

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter to gode undervisningstimar og matpause, vart det samtala rundt borda om aktuelle spørsmål. Avslutningsvis vart nokre av ideane tekne fram i plenum.

Forsamlingsmøtet på søndag vart likevel høgdepunktet.  Dei 50 frammøtte fekk ein uvanleg tankevekkande tale med utgangspunkt i Babels tårn.  Her fekk vi gå i lag Guds veg med oss frå Babel til pinsedag: Ei av dødssyndene er nettopp det hovmodet som fødde tanken om å bygge tårnet i Babel: Vi vil skape oss sjølve eit namn! Heile ideen er totalt øydeleggande for samfunnet og den enkelte. Herren steig difor ned og stogga bygginga – i sin store kjærleik. Folka vart spreidde utover jorda.  Gud sørgde over menneska sitt hovmod, men lengta endå meir hjarteleg etter sine tapte born enn Torvald Stoltenberg som desperat lengta etter si bortkomne dotter. Video-snutten som vart vist i talen, vart eit sterkt bilete av Guds oppsøkande kjærleik.

Den neste gongen Herren steig ned, var i Jesus Kristus. Hans prosjekt var å samle att, alle dei som var spreidde av synd og naud. Tenk: Pinsedagen, med språkunderet og Peter sin tale, der alle utlendingar brått høyrde Guds evangelium på sine eigne morsmål: Det vart reverseringa av Babels forvirring! Meir enn 3000 kom til tru og vart døypte på pinsedagen.

Her står vi i dag, i forsoningstenesta. Vi skal fortsette å samle med Jesus – til det evige livet med han. «Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi du elska meg før verda vart grunnlagd.»  Johannes kap. 17.