«Men Gud gir vekst» var tidlegare Japan-misjonær Kirsti Strand sitt tema den 18.mars: 6«Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vokster». Slik oppsummerte Paulus vekkinga i verdsbyen Korint (1.Korintarbrev 3): 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar. Berre Gud er noko, han som gjev vekst.
Her har vi noko å lære, men også mykje å undre oss over. «Kva er det med Japan?» gjentok Kirsti Strand, slik mange har gjort det før henne. I Kina har evangeliet hatt eit enormt gjennomslag, ikkje minst under kulturrevolusjonen då all kristendom var strengt forbode. Japan har ei langt opnare og meir tolerant haldning. Men trass i mykje såarbeid har gjennombrotet uteblitt til no.
Men i Norge som i Japan er det vår oppgåve å be, så, plante og vatne. Sjølve veksten er det Herren som set i verk.
Etter nattverdstunda var det fleire som delte vitnemål.