Stort forsamlingsmøte første påskedag

Sjølv om det glapp med annonsering i media, samlast heile 44 til feiring av Jesu oppstode frå grava. Samlinga starta med ein musikkvideo der koret Reflex framførte «Herre, denne dag er din»: Vi er samlet for feire din oppstandelse og din seier over døden.  Stine Regina Tusvik delte tre utvalde songar, denne gongen til eige piano-akkompagnement! Som alltid er det noko godt og vakkert med songen hennar, og då er det ekstra flott at talentet utviklast vidare.

Under talen fekk Oddbjørn Brunstad med seg forsamlinga på ei vandring frå Jerusalem til Emmaus: Ein landeveg på 11 kilometer, der to skuffa disiplar fekk oppleve ei total forvandling: Det var den oppstadne Jesus sjølv som opna tankane deira slik at dei forstod det Gamle Testamentet. Møtet med Jesus skapte varme og begeistring og toppa seg idet dei kjende han att då han bad takkebøna og braut brødet. Jesus er sanneleg oppstaden og han lever som aldri før!   Lysbilda frå talen kan du sjå HER.

Etter ei velsigna nattverdstund, var det mange som gav respons med å dele ulike vitnemål.

(Foto: Anne Jorunn Dalseth Moe)