Heile 54 personar fylte opp Straumgjerde bedehus søndag 14.april. «Etter påskemorgon» vart ein varm og raud tråd frå start til slutt. NLM-misjonær Oscar Nordbø hadde eit særleg fokus på den Heilage Ande i talen sin. Vi treng å bli fylte av Anden! Med basis i Oddvar Søvik sitt studium av grunnteksten, understreka Nordbø at dette må forståast i vedvarande presens: Stadig, heile tida. Sameleis er uttrykket skrive i passiv form, som betyr at vi blir fylte: Det er GUD, ved Anden som fyller oss med sitt liv. Han sa det også slik: Eg har mange gongar tenkt meg motlaus på alle oppgåvene som peikar på meg. Då har det vorte ein veldig lettelse å sjå at det er HERREN som gjev kraft og styrke for kvar ein dag.
Nordbø delte også bilder og inntrykk frå NLM sitt arbeid i Elfenbeinskysten. Eit gjennomgåande muslimsk land med heile 60 språk- og kulturgrupper. Sjølv om ein hittil ikkje har opplevt dei store gjennombrota, er det gledeleg å sjå at nokre kjem til tru. Grupper på titals har begynt å samlast for å be og studere Bibelen.
Runa og Oddbjørn delte to songar som duett, Reidun hadde forsamlingsbøna, og på slutten var det fleire som var framme og delte inspirasjon og glede over det vi hadde fått i samlinga.
Avslutningsvis fortalde Arnhild Almås om Godheitsveka som blir arrangert i Sykkylven 23.-29.april. Du finn meir HER og under Arrangement.
Møteleiar Oddbjørn Brunstad letta på sløret om kva som kan bli Bedehusforsamlinga sin visjon: «Med Jesus, livsglede til alle«. Vidare om tre konkrete bøneemne som vi ønskjer å legge fram for Gud heile dette året, og avgjerd om ny fast møtetid frå hausten av.
Varm takk til det lokale vertskapet i Straumgjerde for husrom og gode kaker og kaffi!