Det vart eit innhaldsrikt forsamlingsmøte søndag 13.mai. Per Ove Årseth kom frå Volda for å dele Guds ord med oss. Han er opphavleg frå Ellingsøya, aktiv journalist i misjonsbladet UTSYN og elles forkynnar i NLM både i nord og sør. I talen sin gjekk han til dei mest sentrale bibeltekstane om emnet vårt: Men Gud gir vekst. Han delte frå 1.Korintarbrev kapittel 3, v. 6-9 og frå Markus 4: (Såkornet) 26 Han sa: «Med Guds rike er det som når ein mann har sått kornet i jorda. 27 Han søv og står opp, det vert natt, og det vert dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. 28 Av seg sjølv ber jorda grøde: fyrst strå, så aks, så fulle korn i akset.
Livet, våren og all vokster er eit under frå Gud. Likevel kan vi rekne det som trygt og sikkert at Gud sørgjer for at såkornet vil spire og gje avling. Per Ove Årseth tok oss avslutningsvis med til misjonsfeltet Pokot i Kenya. For eit titals år sidan eit avsides område der Jesus sitt namn var heilt ukjent. I dag kan menigheitene teljast i hundretal og talet på Jesus-truande passerer 200.000. Såkornet, Guds ord, er like spirekraftig mellom oss i dag!
Men vi fekk meir, også: Systrene Helene og Lovise (Fredly / Haugland) delte sine vitnemål i form av tre fine songar. Mellom andre «Amazing Grace» og «Redningsmann». Det var rett godt å lytte til.
Heilt til sist vart ÅRSMØTET for 2017 avvikla, der det stort sett vart attval på styre og hyrderåd. Einaste endring er at Ingebjørg Kjersheim kom inn att i styret i staden for Anita Woldsund som gjekk ut. Her kan du sjå eller laste ned Årsmøteprotokollen . Frå samtalen om arbeidet kan framhevast innlegget frå Anne Jorunn Dalseth Moe: Vi bør nytte alle høve i kvardagen til å kome i kontakt med innvandrarar. Mange kjenner seg einsame og er kontaktsøkjande.