Søndagen midt i juni var det triveleg besøk av krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon, Johan Halsne, og kona hans Aud. Johan nytta høvet til å kommentere årsmøtet si avgjerd om å byte ut namnet Sunnmøre Indremisjon til fordel for ImF Sunnmøre. Er det berre for å pynte på fasaden til noko som likevel er utgått på dato? -Nei, dette er eit godt grep for å byggje identitet og eigarskap hos den generasjonen som kjem no! Ein video til reklame for ImF si leiarsamling til hausten vart også synt fram. Du kan også sjå filmen her.
Johan Halsne sin tale hadde som tema «Grepet av Guds storhet» med teksten frå Jesajaboka kapittel 6. Her la han vekt på både «Guds hellighet» og «Guds nåde». Det var ei god og viktig påminning om eit bibelsk Gudsbilde. Dette treng vi i dag, dersom vi også skal svare som profeten: «Herre, her er eg, send meg»
I vitnemåla etter nattverdstunda var det fleire som tok opp att tråden og minnte om at vi også er sendt – til å dele vidare og be for kvarandre.
Møteleiar Anita Woldsund delte i innleiinga inspirasjonen frå regionsamlinga på Vestnes for NLM Nordvest.
Ein ekstra bonus denne søndagen at også Aud Halsne kunne bli med. Så fekk vi to fine songar med på kjøpet!