Søndag 1.juli vart også ei god samling med song, bøn, forkynning og godt fellesskap. Vår gode nabo over fjellet, Per Arne Sve, gjorde vel og tok turen for å dele Guds ord med oss. Han delte aktuelle tankar omkring temaet vårt: Men Gud gir vekst. I den samanhengen peika han mellom anna på at det er ikkje alt som ser ut som liv, som faktisk er det. Mange plast-blomar ser no så ekte og levande ut, at ein må heilt innpå og gjerne kjenne på materialet før ein skjønar at det berre er ei etterlikning.
Liv er noko forunderleg, som ikkje er lett å forklare. Det er rett og slett eit under. Slik er det også med Guds rike, at nye skal bli frelst og vi skal vekse i trua på Jesus. Det er Gud som gir liv og vekst!