No var det godt å samlast att! Slik opna møteleiar Anita Voldsund. Heile 37 kom til forsamlingsmøtet søndag 26.august. Det lovar godt, når bedehusforsamlinga no har bestemt seg for at samlingane frå no av blir søndag klokka 11.
Vi veit at dette er ei betre møtetid mellom anna for barnefamiliar. No er også ein fin barnekrok på plass i bakre kråa!
STÅLE TØNNESEN hadde denne formiddagen teke turen over to fjordar frå Ulsteinvik. Til dagleg er han lærar på Møre Barne- og Ungdomsskule i Indre Herøy. Ut frå den sterke hendinga i Apostelgjerningane kapittel 3, gav han både bibelsk visdom og mange personlege erfaringar om at Gud gjer store under mellom oss. Vi bør verkeleg vere frimodige og be om hjelp og lækjedom frå han som både vil og kan hjelpe i all slags naud! Lidinga si gåte, kvifor nokon må tole årevis med smerte og andre blir lækte eller berre har det bra; det kan nok ingen gje eit godt svar på.
Men, som salmediktaren Brorson sa det: Alt vi møter bør vi sjå som eit høve til å søkje Gud!