Såkorn og vekst, 7.oktober

Guds ord er såkorn med 100% spireevne!

Søndag 7.oktober fekk forsamlinga eit godt gjenhøyr med Per Arne Sve. Emnet var «vekst» og teksten henta han frå Lukas 8, versa 4-15.

Det er vi som er åkerjorda. Vi har ulike naturar, kanskje opne eller meir lukka.  Men vi kan ikkje så lett skulde på at «eg er no berre slik». Vi har alle eit ansvar for å ta imot Guds ord i «eit fint og godt hjarte».  Latskap løner seg ikkje. Om ein bonde let åkerlappen ligge, pløgd eller brakka, tek det ikkje lang tid før ugraset spirer. Sameleis er det med borna og dei unge: Om ikkje det gode, Guds ord, blir sådd i hjartejorda; då har dei vaksne forsømt noko som ikkje kan takast att.  Å vente til borna er blitt vaksne, for at dei sjølve fritt kan bestemme retning på livet; det er å feile: Ugras spirer uansett, og til slutt vil det dominere! Som den kloke og flittige bonde, må åkeren såast tidleg!

Sameleis kan det vere ei utfordring at «sorger og rikdom og nytingar» kan kome til å kjøve livet og samfunnet med Gud.

Lat oss verkeleg be om å få eige god og «porøs hjartejord» – så Guds ord kan sette djupe røter! Og så treng vi å øvast i tålmod, så vi held ut medan grøda modnast !

Takk til Per Arne for så mykje nyttig om liv og vekst i livet med Gud!

Her kan du forresten finne påmeldingsliste for dei mange ulike tenestene!!