Forsamlingsmøte 18.november

 

Kjell Furnes var talaren denne søndagen. Han delte sentrale tema om endetida med oss. Kva er det teikna i tida forkynner? Johannes Openberring er ei framtidsbok. som startar og avsluttar med sterke formaningar om å ta vare på det profetiske ordet, for tida er nær.

Med Guds perspektiv råder orden, og han har ein arbeidsplan. Der er to hendingar som himmelen skal markere seg på veldig tydeleg i framtida. Først skal Jesus Kristus stige ned i skya og hente heim si dyrekjøpte brud. Det var Paulus som spesielt fekk denne løyndomen  openberra. Furnes viste til Enok (som vandra med Gud – 1. Mos. 5,24) og som vart borte ved at Gud tok han til seg. Han er eit klart førebilete for det som skal skje når Jesus kjem i skya og hentar heim sine. Paulus skildrar dette m.a. i 1. Tess. 4, 14-16. Furnes la fram dei mange døma på endetidsteikn som er omtala i bibelen og som stadfestar for oss at «tida er nær». Jødar som kjem til Israel. Gud samlar sitt paktsfolk og dei skal møte han her når han kjem att. Fikentreet (bilete på Israel) varslar sommar. Men før dette store skjer er det forfylgjingar av kristne, kristne blir drepne, falske messiasar skal stå fram, det vil vere krig og rykte om krig, hungersnaud, jordskjelv, sodomi, drap og vald. Vi er vitne på dette allereie og det berre aksellererer. Jesus skal så stige inn på verdsarenaen som den rettferdige dommar og frelsar for folket sitt.

Det viktige for oss er å vere vakne og akte på teikna i tida, halde fast på det profetiske ordet og oppmuntre kvarandre.