Ungdomskoret KAIROS vart ikkje klar til å kome, men Oscar Nordbø kom! -Denne formiddagen fekk vi ein svært interessant tale om «verda sitt salt». Som konserveringsmiddel og smakstilsetjing har saltet alltid vore ei verdfull vare. Og nettopp slik er Jesu disiplar i denne verda. Om dei kan verke få i antal, kan verknaden likevel vere stor. «Lite i volum, stor i verknad». Det er viktig at dei truande kan sette smak på samfunnet vi lever i. Meir kan du lese i Matteus 5,13-16.