Jon Ove Holen hadde ein god og viktig tale til oss med utgangspunkt i dagens tekst, Matt 21, 10-17. Teksten handlar om då Jesus jaga ut dei som selde og kjøpte på tempelplassen (forgården til heidningane – dvs ikkje-jødar). Jesus velta borda til dei som veksla pengar og sa til dei at Mitt hus skal vere eit bønehus, ikkje ei røvarhole (tilhaldsstad for røvarar). Jesus siterte frå Jer 7,8-11 her. Jesus advarar mot ytre religiøse uttrykk. Tempelseljarane brukte templet som sikkerheit for uærleg verksemd, og dei krenka på denne måten Guds hus og gjorde seg rike på andre si bekostning. Tempelskatten – myntane – måtte vere perfekte og dette tok dei seg betalt for. Dei fattige måtte ofre lytelause duer som tempelskatt. Blinde og lamme var ikkje velkomne i tempelet. Jesus vart sint fordi så mange ikkje fekk adgang til tempelet som bønehus.
Jesu handling var viktig som ei symbolhandling – han viser veg til eit anna offer, Jesus sjølv. Han er frelsesvegen for alle menneske. Og tempelhandlinga blir eit forbilde for Frelsaren si kome for andre gong. Stoppar julefeiringa med julekosen? Nei, målet er at alle bønehus må bli fulle og at folk blir klare til Jesus kjem att. Derfor vart vi «roa ned» med at julemessene våre ikkje er dagens form for tempelhandel, fordi motiva våre er at pengane skal gå til å vinne andre for Kristus. Ingen skal stengast ute. Vi må gjere opp oss imellom, stå saman i fellesskap, be og halde oss nær Jesus. Ein del bibeltekstar vart siterte ila talen: Jer 7,8-11, Jer 7,3-4, Jes 56,6-7, Matt 24,1-2, Matt 26,28 og Joh 15,5.