Forsamlingsmøte Sykkylven bedehus 16 desember

I dag var vi så heldige å få Odd Asbjørn Nybø som talar. Han er leiar i Indremisjonsforbundet.

Nybø stilte eit viktig spørsmål i starten: Er du lett antenneleg eller brannsikker? Altså: kan eg bli sett i brann av Jesus?

Han tok utgangspunkt i dagens tekst frå Joh. 5, 31-36, der Jesus talar om vitneutsegner om seg sjølv. I retten veit vi at den tiltalte vitnar om seg sjølv. Men i tillegg må vi ha vitne utanfrå som gir truverde til saka. Jesus ville ha andre til å vitne om seg sjølv. Johannes var eit viktig sanningsvitne for Jesus (Joh 1,29): «Sjå der Guds Lam, som ber all verda si synd». Han hadde forstått kven Jesus var. I Bibelen har vi vitneutsegner frå Gud sjølv. I profetane «høyrer» vi Guds røyst som vitnar om Han som skal kome. I NT høyrer vi også Guds røyst då Jesu vart døypt. (Matt 3,17 ). Vi har forteljinga om då Jesus tok med tre av læresveinane opp på eit høgt fjell (Matt 17,1..). Der høyrde dei same røysta og same bodskapen. Vi skal sleppe å tvile.

Jesu gjerningar òg vitnar om dei gjerningene Far hadde lagt ferdig for han. Nybø viste til Ordtøka 8,27 om skapinga. Der er vers om visdommen som assosierer til at det er Jesus det er snakk om. «Den som finn meg, finn livet…. men den som ikkje finn meg, skadar si sjel…» Den som finn Jesus, blir frelst. Visdommen var til før alt var skapt og Jesus er altså til frå æva av.

Jesus gjerningar viser at han har makt, han stiller stormen og viser at han er Herre over naturen. Han metta 5000 i øydemarka, han helbreda svigermor til Peter, han vekte opp sonen til enkja i Nain. Ordet spreidde seg, og gjerningane vitnar om Jesus. Jesus kunne seie til den lamme mannen at han kunne ta båra si å gå og at syndene hans var tilgjevne. Alle desse gjerningene har hendt og vi skal få tru det slik det står skrive. I påskeevangeliet les vi at verket hans / gjerningene hans her på jord er fullført, han hang på korset, alt var fullført og han fekk stilt tørsten av ein svamp på ein isopstilk (Joh 19,28…). Jesus vann over døden og åpna himmelvegen. Kallet har vi der Johannes skriv til laodikearane i Openberringsboka 3,19-20. Jesus vil kome inn til oss. Han vil vi skal ha eit ope sinn, som også er villig til å ta imot refs og rettleiing. Vi blir oppmoda om å ikkje vere lunkne. Er vi brannsikre, eller er vi hindra frå å vere varme? Jesus er den same, ordet er det same, hald fast på denne sanninga. (Ref Arnhild Almås)