Ein disippel i 2019 – Silje Berg Straume, områdeleiar NLM
Silje Berg Straume tok utg pkt i Luk 5,1-11 om Peter som vart så forferda over den overveldande fiskefangsten. Jesus ba han om å ikkje vere redd, men vere menneskefiskar frå då av. Dei forlet alt og følgde Jesus !
Silje siterte vidare livsforvandlande forteljingar om m.a. tollaren Levi og den lamme mannen (Luk 5,17-32).
Har vi tid til å følgje Jesus og la han forvandle oss i dag? Han kallar syndarar, vel ut vanlege menneske til store oppdrag. Ho viste her til Salme 8,4-5 og 1. Kor 1,27. Vidare fekk vi høyre om David då han skulle salvast til Konge og kome til å gjere store ting, han var yngst av 8 brør og «berre» ein gjetargut. Gud ser til hjartet (1. Sam 16,7). Johannes døyparen peikte på Jesus for disiplane sine: Sjå, Guds lam. Disiplane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus.
Jesus vil ha ein nær relasjon med oss, eit nært vennskap. Er han levande for oss i våre liv i dag? Vi har løfte om at om vi blir i hans ord, skal vi kjenne sanninga og sanninga vil setje oss fri. Vi må leve nær Jesus sjølve, jfr Apgj 2,42-47 om fellesskapet mellom dei truande. Vi må bruke tid på bøn, bibel, fellesskap, vere villige til å gå utanfor komfortsona, invitere til middag, kaffi t.d., vere venen til nokon for at han skal bli kjent med Jesus. Legg ut på djupet (igjen Luk 5). (Resymé Arnhild Almås)