Jarle Berland på forsamlingsmøtet 24 feb 2019 – ver ein Jesu læresvein

Jarle Berland besøkte oss i dag med klar og sentral forkynning om korleis vere ein Jesu læresvein (disippel)
I botn for vitnemålet sitt la Berland tre bibelavsnitt som handlar om då Jesus kalla læresveinar til å følgje han: Joh 1,43, Matt 4,18 og Mark 2,13. Dette er ord om starten på eit læresveinforhold. Det greske ordet for læresvein betyr ikkje berre å vere ein elev, men også ein som innrettar livet sitt etter Jesu ord. Ein læresvein er ikkje tilhengjar av Jesus, men ein etterfølgjar. Berland sa at han har ein tilhengjar til bilen sin, den kan ikkje brukast under alle forhold og kan bli kopla frå når han skal køyre i vanskeleg terreng t.d. Om vi ikkje er følgjer etter Jesus kan vi misse velsigning.

Eit kjenneteikn på ein Jesu læresvein er at han lever i eit nært og personleg forhold til Jesus. I ein song står det: «Nei, for all den ting jeg visste, kan jeg ei min Jesus miste». Peter sa også i Joh 6,68: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord». Ein læresvein bør vere lydig og gjere Jesu interesse til si interesse. Han bør sjå sitt kall når det gjeld å vere med i styre, barnearbeid, leiarskap mm i forsamlingane sine. Det er bruk for nokon som tar eit tak. Ein Jesu læresvein dreg seg ikkje unna Guds ord, sjølv om det kjennest som om ordet verkar som sverd og er «hardt». Ein læresvein må vere lys, salt, vitne om det ein har sett og høyrt. Det er så lett å tenkje på andre ting i livet som skal klaffe inn og tilpassast. Berland viste til Fil 2 der det står: «Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre.  Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!» (Arnhild ref)