Lat viljen din skje!

Helga 8.-10.mars var det Bibelhelg med fokus på bøn. I tre bibeltimar fredag og laurdag pluss forsamlingsmøte søndag fekk vi vandre gjennom bønene i Fadervår: Tenk at ei så kort bøn kan ha i seg slik ein fylde av visdom! Lars Kjetil Emblem gav oss mykje til nytte og gavn i det daglege bønelivet.  «Søk Guds rike først!»  Då disiplane spurde om Jesus kunne lære dei å be, synte han dei at Gud Fader kjem først. Deretter skal vi få kome med våre behov. Og han vil høyre, for Jesus har opna veg til Gud som vår gode Far.  Akkurat slik er det også med dei ti boda: Guds namn og Guds rike først.

Frå dette gjekk det ein raud tråd til teksten søndag formiddag: Frå Matteus 26: Jesus sin kamp i Getsemane: «Er det råd, Far…, men ikkje som eg vil  -berre som du vil». Tenk at dette ville Jesus gjere for oss – og han stod kampen ut.

Og så fekk vi besøk av 26 flotte ungdomar! KAIROS kom rett frå øvingshelg på Vestheim og delte av sitt utvalde repertoar. Verkeleg ein frisk pust og ei god oppmuntring for oss som er nokre år eldre!  Takk for vitnemålet gjennom den flotte songen!

Etter forsamlingsmøtet vart det servert middag til alle: Gryterett og kaker!  Ein fole kjekk søndag!