Krinsleiar i ImF Sunnmøre, Johan Halsne, gav oss eit nærbilete av det å vere ein Jesu disippel i dag: Det er å begynne å sjå det Jesus ser! Halsne delte teksten om vekkinga i Samaria (Johannes 4,27-36)
Læresveinane hadde gått inn til byen Sykar for å kjøpe mat. Då dei kom att og baud Jesus ete, svarte han: «Eg har ein mat å ete som de ikkje veit om». Dette skapte nok stor undring hos læresveinane: Kva meiner han? Svaret dei fekk, gjeld også for Jesu disiplar til alle tider: Min mat er å gjere Guds gjerningar. Så peikar Jesus på ein nysådd kornåker: «Seier ikkje de: Endå er det fire månader til hausten. Men eg seier dykk: Sjå åkrane, korleis dei alt kvitnar mot hausten!»
Og i same stunda blir dette brått synleg for dei: Heile byen Sykar har høyrt den samaritanske kvinna sitt vitnemål og dei kjem ut til brønnen og kjem til tru på Jesus!
Ein Jesu disippel har sansen for å sjå – moden haust!
«Jesus gje meg dine auge, så eg ser når andre har det vondt»
Etter ein liten kaffipause var det ÅRSMØTE i bedehusforsamlinga, der det vart ein open og god samtale om korleis forsamlinga skal kome vidare ut med bodskapen. HER kan du få opp referatet. Årsmelding med rekneskap HER