1. påskedag 2019 – Kjell Furnes

Kjell Furnes forkynte klart og overbevisande om betydninga av Jesu oppstandelse. Han tok utgangspunkt i 1. Kor 15 – der Paulus forkynner det han sjølv har mottatt: at Kristus døde for syndene våre, vart gravlagd og stod opp att tredje dagen – etter skriftene. Dette tydde også at Jesus døde i rett tid og stod opp att i rett tid. Pilatus, farisearane og dei skriftlærde «miste» kontrollen på dette.

I Getsemane-hagen gav Jesus viljen sin over til Gud, på korset gav han ånda si til Gud – «i dine hender overgir eg mi ånd». Ånda var skild frå lekamen. Etter jordskjelv, mørke og djevelens krefter var det Himlen som tok over påskedagsmorgon. Himlen forkynte oppstandelsen (ein Herrens engel steig ned), og det var altså Himlen som måtte inn for å forkynne dette. Det var ikkje slik at synd og død vann over Jesus, men det var Jesus som vann over døden. Stod ikkje Jesus oppatt, ville Jesu død vere fånyttes (1. Kor 15,14 ff). Dette må vi ikkje fortrenge; vi må ha med heile evangeliet. Derfor skal vi også få lov til å feire første påskedag også i 2019. 

Det var triumf over Peter sin tale pinsedagen (Apg 2): Men Gud reiste Jesus oppatt og let døden gi han frå seg.

Jesu korsdød, der han leid og døde  Det skjedde openberrt, der var mykje folk og mange som kunne bevitne. Men oppstandelsen – der måtte himlen til for å forkynne. Beviset / vitnespyrdet måtte fram. Derfor gjekk Jesus gjekk omkring i 40 dagar og openberra seg 11 gongar, frå 1 person til fem hundre. 

Oppstandelsen forkynte at Jesu soningsdød vart godkjend av Gud, at oppstandelsen er bevis på at Jesus verkeleg var Guds son (Rom 1,4) og at oppstandelsen er garanti for at vi som lever i dag er rettferdiggjort (Rom 4). Jesu oppstandelse er også pantet på vår oppstandelse. Jesus er blitt førstegrøda av dei som er sovna inn (1 Kor 15,20) – eit sterkt og fint bilete. Det er ingen forskjell på Jesus oppstandelse og din oppstandelse som trur på Jesus. Førstegrøda garanterer vår / min oppstandelse. Kreftene frå den tomme grava skal ein gong reise opp Guds folk. Vi har fått Anden som førstegrøde og vi skal få forkynne eit fullstendig evangelium og ein gong bli herleggjort slik som Jesus er blitt herleggjort.

Stine Regina Tusvik song vakkert fine gode songar for oss, f.eks. Du som låg i natti seine og Jeg er en seiler på livets hav.

Arnhild Almås