Lars Petter Ødegård besøkte oss i dag. Han er 29 år ung og forsamlingsleiar i Misjonssalen i Kristiansund.
Han gav oss fine og viktige punkt med utgangspunkt i Joh 15,1-17, ein del av Jesu avskjedstale til disiplane sine. Vintreet er bilete på Jesus i NT, det sanne vintreet. Vi er foreint med han som greinene på vintreet. Vintreet er ikkje noko majestetisk tre, men det gir bugnande mengder frukt. Jesus gir oss eit bilete på korleis vi skal bere frukt som varer, at vi stadig er fylt av Den heilage ande og at dette er synleg når vi er ute blant andre menneske. Utan at vi er i Kristus kan vi ingenting gjere. Vi må gjerne oppsøke dei «utanfor veggane våre», gå utanfor vår eigen samanheng og vise / gi til «dei andre» av dei fruktene som Gal 5,22-23 nemner: kjærleik, glede, fred, langmod, vennlegheit, godheit, truskap m.m. Vi må halde oss nær Kristus, så vil Han halde seg nær til oss. Vi må vere påkobla så vi ikkje blir utsett for verda sin påverknad, og det er ein stadig pågåande prosess.
Vi var bortimot 40 besøkande på møtet, kaffi og sosialt i etterkant. (Arnhild A.)