Thor Fremmegård var talar i dag
Han tok utgangspunkt i dagens tekst frå Luk 9, 57-62. Det er ein krevjande og radikal tekst. Fremmegård nemnde episoden frå vers 51 og 52 der Jesus ikkje fekk husrom hos samaritanane fordi han vende ansiktet mot Jerusalem (det var ikkje lenge før han skulle dit for å lide og døy) og fare opp til himmelen). Disiplane foreslo å sende eld for å fortære samaritanane som nekta Jesus husrom. Jesus vart streng med dei og spurde kva ånd dei var av. Han er komen for å frelse menneske, ikkje øydeleggje dei. Dommen er hans og det er vår redning. Jesus viser dei sinnelaget sitt – han har hjarte for fiendar, for naboar og andre som vi andre ofte er strenge mot.
I teksten for i dag får vi høyre om dei tre personane som sa dei ville følgje Jesus, men dei hadde «ting» dei måtte få ordne først. Jesus sin respons på dette er krevjande. Det medfører kostnader og forsaking å følgje Jesus. «Ingen som har lagt hånden på plogen og så ser seg tilbake, er skikket fo r guds rike.» Det kostar kanskje meir i vår tid å følgje Jesus. Vi har utdanninga vår, vi har økonomien, huset, hytta, der er ulike fasar i liva våre som krev mykje materielt og tidsmessig. Kva set vi først i liva våre? Kvar har vi hjartet vårt? Skal vi ikkje få ta vare på våre nærmaste t.d.? Skal dei «åndeleg døde» gjere slikt arbeid og vi først og fremst søke Guds rike? Vi skal elske vår neste som oss sjølv og ta vare på dei samtidig som vi har heile hjartet hos Gud.
Ungdom må få ei trusopplæring som tåler forfølgjing – det er tøft i vår tid å vere kristen og søke Guds rike først. Jesus vil ha alt, vi skal elske han av heile vår sjel og heile vårt hjarte. Vi skal få vere hans skatt. Alt gjer gjer vi for Herren. (ref. Arnhild)