Kjell Furnes var vår talar i dag. Han tok utgangspunkt i tekstane for Allehelgensdag.
Dei viser korleis Gud har arbeidd, korleis han skal arbeide og kva planar han har for sitt folk her i verda. Luk. 6,20-23: Jesus såg på læresveinane i det han sa «Sæle er dei fattige for dei skal bli metta» og «sæle er de når de blir hata, utstøytt og håna». Dei som følgjer Jesus, disiplane då og mange kristne no vart og blir forfølgde for menneskesonen si skuld. Furnes nemnde også v 26 i Lukas der det er verop over dei som det blir tala vel om. I dag er det mange som «les korrektur» på Guds ord og tilpassar det til det som er «korrekt» i vår tid. Men Guds ord står fast.
Ein annan av tekstane i dag var Jes. 60,18-22. Der blir evigheitsperspektivet framheva. Sol og måne skal ikkje lenger vere vårt lys, men Herren skal vere det evige lys og sørgjedagane skal vere til ende. Mal. 4 utdjupar dette perspektivet: for dei som fryktar Herrens namn skal rettferds sol gå opp.
Hebr. 11,11-16,39-40 er den tredje teksten for dagen og fortel om Abraham som som hadde eit syn som gjekk ut over dette livet. Både han og Sara og dei som ætta frå dei stolte på Guds løfte og helsa framtidshåpet – ein verestad til oss, eit nytt land. Guds folk si framtid er knytt til dette. Furnes viste også til at Jesus hadde ein lengt om å kome heim til herlegdomen han hadde frå før verdas grunnvoll vart lagt (Joh. 17,5).
Forstår vi kor stort det er å tru på Jesus? Vi må løfte blikket og vente på heimlandet.
Arnhild song eit par songar.
(ref Arnhild)